Produkt

Dølasamkøyringa dekkjer Gudbrandsdalen frå Fåvang i sør til Bjorli og Grotli i nord og vest. Sjå dekningskart. 

Med ei husstandsdekning på omlag 80% på papir/print og aukande digital trafikk, er dei fire lokalavisene i samkøyringa ein viktig del av veka og kvardagen i dalføret.

Vi skreddarsyr eit opplegg for deg slik at du får mest mogleg utbytte av reklamekronene dine i våre kanalar. 

Ta kontakt med salgsansvarleg i di lokalavis for eit godt tilbod!

Papir/print

Ved annonsering i papiravisene når du omlag 12.000* gudbrandsdølar og ottadølar. Alle avisene kjem til vanleg ut kvar torsdag.
Du kan velje kor mange avistitlar du vil ha med i annonsekampanja di, basert på geografi, målgruppe eller budsjett. Men, du får sjølvsagt mest for pengane ved å velje alle fire - annonseprisen tilsvarar da sjølvstendig kjøp i to.

* Vi kan også tilby ein opsjon med tillegg av Lillehammer Byavis, ei gratis avis som blir fulldistribuert i 24.000 eksemplar.

Ta kontakt med salgsansvarleg i di lokalavis for eit godt tilbod!

Digitalt - desktop/tablet og mobil

Avisene i Dølasamkøyringa kan levere trygg bannerannonsering på www.dolen.no, www.fjuken.no, www.norddalen.no og www.vigga.no med høg kvalitet og synlegheit. Desse sidene har omlag 150.000 sidevisningar i veka og rundt 15.000 unike brukarar (2017-tal).

I tillegg til "tradisjonelle" bannerformat har vi og moglegheiter for målstyring, native/innhaldsmarknadsføring, video m.v.  Ta kontakt med oss her for meir informasjon. Annonseformata er standardiserte i samarbeid med Polaris Media,  Schibsted og aMedia

Scroll to top